← BuscayCurra

Med på utviklarlaget i Digdir ? 

DIGITALISERINGSDIREKTORATET AVD LEIKANGER

Noruega📅 30/10/2026

Descripción

Som utviklar i vår avdeling blir du med på å utvikle løysingar som ikkje tåler nedetid, handterer høg trafikk, og sjølvsagt har den sikkerheita som trengs. Vår topp moderne utviklingsplattform sørger for at produktteama har dei beste fasilitetane for å utvikle smidig og med stor fart. Vi definerer problem, finn løysing, kodar, et lunsj, tek ein kaffi og prodsetter – kvar dag ! Vi er allereie i gang med å utforske alt det nye som kjem med EU si eIDAS-lovgiving og EU-lommebok. Samtidig skal vi gjera våre løysingar som ID-Porten, Maskinporten, KRR, ELMA, Altinn-porteføljen og eInnsyn endå betre, sikrare og meir brukarvennlege. Me er heilt sikre på at det blir spennande, krevjande, hektisk, lærerikt og utfordrande – akkurat slik vi likar det ! Om du også likar det slik, kan noko, og vil noko, so søk gjerne. Teknologi Teama våre har stor teknologisk friheit og tek i bruk den teknologien som er best egna for den aktuelle oppgava. Vi er best kjent med Java, Kotlin, Kafka, React og TypeScript, men nyttar også .NET. Vi nyttar oss av mikrotenester der det er relevant. Plattformene våre er Kubernetes-basert med OpenShift eller Azure. Vi nyttar Digdir sitt Designsystem https://www.designsystemet.no/ Vi er aktive brukarar av KI og ynskjer å utvide bruken i trygge rammer for å støtte teama i sitt arbeid. ArbeidsoppgåverHovudoppgåvene din vil vere produktutvikling i tverrfaglege produktteam. Du vil saman med teamet ha det tekniske ansvaret for sine produkt og kontinuerleg forbetring av desse over tid. Du bidrar til å bygge løysingar som betyr noko for mange andre og gir løpande verdiauke for samfunnet. Kvalifikasjonar Du må ha høgare, relevant utdanning på høgskole-/universitetsnivå på minimum bachelornivå. Relevant arbeidserfaring kan erstatte manglande utdanning. Du må ha minimum 3-5 års relevant erfaring innan systemutvikling, og arbeid med DevOps-metodikk, gjerne med god kjennskap til ein eller fleire av desse : -Java og Spring-rammeverket -.NET / C# -Frontend-utvikling i Reac
Envía tu CV a DIGITALISERINGSDIREKTORATET AVD LEIKANGER

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Últimas ofertas en Noruega

BuscayCurra es gratis

2,9 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.