Descripción
Vil du leia Bokn kommune på terskelen til ei ny tid? Med sine vel 900 innbyggjarar er Bokn eit oversiktleg øysamfunn der fellesskap, engasjement og gode relasjonar pregar lokalsamfunnet, og der avstanden er kort mellom kommunen, innbyggjarane, næringslivet og dei folkevalde. Samtidig står Bokn framfor store moglegheiter. Rogfast og den strategiske plasseringa til kommunen langs E39 vil knyte Bokn tettare til Stavanger-regionen og ein større bu- og arbeidsmarknad. Vi ønskjer derfor ein kommunedirektør som både verdset nærleiken i den vesle kommunen og ser moglegheitene i den større regionen rundt oss. Vi søkjer nå ein trygg, synleg og utviklingsorientert kommunedirektør med gode relasjons- og samarbeidsevner som vil vere med og realisere potensialet i Bokn, samtidig som vi sikrar gode tenester, god økonomistyring og ein organisasjon for framtida. Arbeidsoppgaver Som kommunedirektør vil du ha ansvar for: Leia og utvikla heile organisasjonen og ha det overordna administrative ansvaret i kommunen. Leggje fram saker for folkevalde organ og følgje opp politiske vedtak. Sørgje for god økonomisk styring, effektiv drift og måloppnåing. Byggje gode relasjonar og eit godt omdøme i eigen organisasjon, blant innbyggjarane og i regionen. Leia utviklingsprosjekt og leggje til rette for samhandling på tvers av einingar. Vidareutvikle interkommunalt og regionalt samarbeid. Sikre eit godt partssamarbeid med representantane for dei tilsette. Kvalifikasjoner (overskrift) Vi ser etter deg som har: Relevant høgare utdanning. Særleg relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet. Solid leiarerfaring frå offentleg og/eller privat verksemd. God forståing og erfaring med økonomi- og verksemdstyring. Forståing for samfunns- og næringsutvikling og grensesnitta mellom politikk og administrasjon. Forståing for handtering av media. God norskkunnskap, munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar: Vi ser etter ein synleg, trygg og tydeleg leiar med gode relasjonelle eigenskapar og e