Descripción
To faste i 100% stilling i teamet som er rundt om i heradet. Om arbeidsstaden Bygg og eigedom har ansvar for å byggja, drifta og vedlikehalda bygg og eigedomar i Voss herad. Reinhald er ein viktig del av vedlikehaldet og reinhaldsavdelinga er ein avdeling med 50 tilsette som er organisert under Bygg og eigedom, Kommunalavdeling for Samfunnsutvikling og kultur. Reinhaldsavdelinga står for reinhald på rundt 50 ulike bygg i Voss herad. Teamet har ansvaret for dei mindre bygga, dekker inn sjukefråvær og har dei større periodiske oppgåver innan reinhald. Me tilbyr: Gode vilkår for fagleg utvikling. Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø. Gode forsikrings- og pensjonsordningar. Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. Kvalifikasjonar: Du må meistra norsk skriftleg og munnleg tilsvarande nivå A2, i det felles europeiske rammeverket for språk. Grunnleggjande datakunnskapar, og kunne bruke dette i dagleg kontakt med avdelinga. Førarkort for bil, klasse B. Me ynskjer deg som: Fagbrev som reinhaldsoperatør er ein fordel, men ikkje eit krav. Har erfaring frå reinhaldsyrket. Er god på samarbeid. Er fleksibel og ynskjer å ta ansvar. Er ein positiv pådrivar i endringsarbeid for utvikling av tenestene. Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar . Her ligg det ledige stillingar i regionen. Personlege eigenskapar som vert vektlagt: Har gode kommunikasjons og samarbeidsevner. Er kreativ og løysingsorientert. Jobbar systematisk, strukturert og effektivt. Arbeidsoppgåver For alle stillingane gjeld dagleg reinhald, periodisk- og hovudreinhald etter plan. Arbeidet utførast innanfor normalarbeidstid, dvs. mellom kl. 07:00 (06:00) -17:00. For å ivareta helse, inneklima og bygg, bruker me mest mogeleg maskiner i arbeidet. Du må kunne samarbeida med brukarane på bygga for å få utført dette arbeidet på beste måte for alle. Du må kunne samarbeida med kollegaer v