Descripción
Vil du vere med og gjere ein forskjell i kvardagen til menneske som mottek helse og omsorgstenester? Vi søker no ein engasjert og dyktig sjukepleiar i 80 % fast stilling, med arbeidsstad for tida ved Eggesbøtun. Eggesbøtun ligg ved omsorgssenteret på Eggesbønes og består av 15 bustader i bufellesskap med heildøgnsbemanning. I tillegg omfattar tenesta 12 bustader ved Eldretun med delvis bemanning. Her møter du bebuarar med ulike behov og livshistorier, og du blir ein del av eit fagleg sterkt og omsorgsfullt arbeidsmiljø. Vi arbeider kvar dag for å gi individuelt tilpassa og framtidsretta tenester av høg kvalitet. Målet vårt er at bebuarane skal få nødvendig helsehjelp, omsorg og støtte, samtidig som dei får leve så sjølvstendige og meiningsfulle liv som mogleg. Vi legg vekt på å styrkje den enkelte sine eigne ressursar, fremje meistring og bidra til tryggleik og livskvalitet i kvardagen. Stillinga inngår i todelt turnus etter årsplan med arbeid kvar tredje helg. Arbeidsoppgåver individtilpassa pleie- og omsorgsoppgåver kliniske observasjonar, vurderingar og sjukepleiefagleg oppfølging av bebuarar handtering av akutte situsjonar og kliniske problemstillingar følge opp medisinske tiltak ordinert av lege fagleg ansvar for legemiddelhandtering utarbeide, evaluere og følge opp tiltaksplanar dokumentasjon i tråd med gjeldande lovverk rettleie og gi faglig støtte til kollegaer, elevar og studentar samarbeide med heimeteneste, fastlege og andre interne og ekstrerne samarbeidspartnerar rettleie og samarbeide med pårørande bidra til å fremje meistring, sjølvstende og aktive kvardagar for bebuarane Kvalifikasjonar norsk autorisasjon som sjukepleiar erfaring frå arbeid i sjukeheim/heildøgnsbemanna omsorgsbustad kan vere ein fordel kan bruke IKT som arbeidsverktøy (erfaring med Gerica er ein fordel) har god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål. Vi ber om at du laster opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden. Autorisas