Vi søkjer engasjert ergoterapeut som vil bidra til utvikling
LURANETUNET BU- OG BEHANDLINGSSENTER, INSTITUSJON
Noruega📅 19/10/2026
Descripción
Vi har ledig 100 % stilling med arbeid i turnus for ein engasjert ergoterapeut som vil bidra til utvikling av tenestene ved Luranetunet bu- og behandlingsenter avd. Fjordheim. Er dette deg? Luranetunet bu- og behandlingssenter ser på ulike måtar å organisere arbeidet på for å sikre kvalitet i tenestene og ha rett kompetanse på rett plass. Vi treng deg som ønsker å være med å vidareutvikle denne måten å jobbe på og ser moglegheiter framfor begrensinger. Som ergoterapeut i avdelinga vil du få eit særskilt og sjølvstendig ansvar for: Kartlegge behov, bestille/søke om og tilpasse hjelpemiddel Rettleie og vere ein ressursperson i høve til ergonomi Fungere som forflytningskontakt på Fjordheim og bidra med kompetanse inn i nettverket for forflytningskontakter Bidra med kompetanse ut over eiga avdeling, samt mynde til å instruere anna personell i situasjoner der ein ønsker ei vurdering av ergoterapeut. Du vil være ein av grunnbemanninga og fellesskapet på avdeling Fjordheim Avdeling Fjordheim er ei avdeling med 20 bebuarar som har diagnosen demens. Dei bur i eigne omsorgsbustadar i 1. etg på Luranetunet med utgang til Sansehagen (ute) og Tropehagen. Vi ser etter deg som: har autorisasjon som ergoterapeut har eit hjarte som bankar ekstra for eldreomsorg ser kva for oppgåver som er viktige i arbeidet med å aktivisera og stimulera bebuarane for å få fram glede og trivsel i kvardagen deler kompetansen din og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. er bevisst handlingane dine og set respekt, lojalitet og etikk høgt. bidrar positivt til arbeidsmiljøet i avdelinga, og er villig til å bidra på andre avdelingar med kompetansen din når det trengst. Det vil bli lagt vekt på dine personlege eigenskapar Søkjarar må ha gode norske språkferdigheitar, både munnleg og skriftleg Arbeidsstad Kun nokre minuttars køyring frå Bergen ligg Luranetunet Bu- og behandlingssenter. Senteret rommar 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar. Dei to korttidsavdelingane er rehabiliteringsavdeling o