← BuscayCurra

ID 1075 Pedagogisk leiar 100% vikariat ut barnehageåret i Svingen barnehage

SVINGEN BARNEHAGE

Noruega📅 9/11/2026

Descripción

Svingen barnehage har ledig 100 % vikariat som barnehagelærar frå 25.12.2026 til 31.07.2027. Svingen barnehage har eit flott nybygg som sto ferdig hausten 2023. Dette er ein kommunal barnehage i Fitjar kommune. Den ligg like utanfor Fitjar sentrum, og har to basar som i år har delt seg i 5 grupper. Barnehagen ligg i eit vakkert naturområde nær bustadområdet Rossneset. Den ligg fint plassert i ei naturtomt med kort veg til utmark, sjø, skog og fjell. Dei tilsette er opptekne av å skape eit godt fagleg og sosialt miljø. I dei to neste åra skal barnehagen vera med i eit læringsmiljøprosjekt initiert av UDIR og statsforvaltaren i Vestland. Alle barnehagane og skulane i Fitjar kommune skal delta her. Hovudoverskrifter i prosjektet er psykososialt barnehage- og skulemiljø. Kvalifikasjonar: Barnehagelærar Eventuell anna pedagogisk utdanning på høgskulenivå med tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk på 60 studiepoeng. God IKT kompetanse Arbeidsoppgåver: Leie, planleggje, gjennomføre, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet på avdelinga i tråd med rammeplan og gjeldande lovverk Ha fagleg og pedagogisk ansvar for avdelinga og bidra til kvalitetsutvikling i barnehagen Rettleie og følgje opp medarbeidarar, lærlingar og studentar Leggje til rette for eit godt samarbeid mellom barn, føresette og personale Delta aktivt i barnehagen sitt utviklings- og endringsarbeid Bidra til eit godt arbeidsmiljø og eit inkluderande læringsmiljø for barn og tilsette Samarbeide tett med styrar og andre pedagogiske leiarar om drift og utvikling av barnehagen Sikre at observasjon, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske arbeidet vert gjennomført på ein fagleg forsvarleg måte Vi søkjer deg som: Er påliteleg, stabil og ansvarsfull Evne til å ta initiativ og arbeide målretta og sjølvstendig Arbeidsglede, er fleksibel og viser god relasjonskompetanse Står trygt i deg sjølv og handlar ut frå barns beste Bidrar til eit godt arbeidsmiljø ved å vere open, ærleg og reflektert Evne til å bidra
Envía tu CV a SVINGEN BARNEHAGE

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de pedagogisk en Noruega

Ver las 274 ofertas de pedagogisk en Noruega →

BuscayCurra es gratis

3,7 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.