Descripción
Er du sjukepleiar og på jakt etter nye, spennande utfordringar? Vil du jobbe i eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer og utviklande arbeidsoppgåver? Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS) sone 2, søkjer sjukepleiar i 100 % fast stilling. Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg, per i dag. Vi er i prosess med planer om å lage årsturnus og langvakter for den som ønsker det. Ved å velje BUAS får du: 💙 Ein variert arbeidskvardag med høg fagleg aktivitet, godt arbeidsmiljø og kollegaer som støttar og utviklar kvarandre. 💙 Støtte av eiga sjukepleiargruppe som bistår avdelingane etter behov 💙 Gode moglegheiter for fagleg utvikling 💙 Tverrfagleg samarbeid og kompetansedeling 💙 Dyktige og engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø Bli ein del av laget vårt! 💙 Vi ser fram til å høyre frå deg! Vi ønskjer både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar velkomne til å søkje. Tilsetting kan skje fortløpande. Arbeidsoppgåver Sjukepleiefagleg oppfølging av pasientar med samansette behov Kliniske observasjonar, vurderingar og dokumentasjon Medikamenthandtering og ulike behandlingstiltak Rehabilitering og palliativ omsorg Samhandling med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar Tverrfagleg samarbeid med lege, fysioterapeut, ergoterapeut og andre tenester Bidra til fagutvikling og kvalitet i tenesta Planlegge, prioritere og gje god sjukepleie til pasientar Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid Kvalifikasjonar Autorisasjon som sjukepleiar Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR) God munnleg og skriftleg framstillingsevne Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer Personlege eigenskapar Vere strukturert og løysingsorientert Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre Evne til å halde seg fagleg oppdatert Vise fagleg engasjement Motivert, serviceinnstilt og fl