Descripción
Om avdelinga: Ved Øygarden Lokalmedisinske senter jobbar flinke sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, ergo-/fysioterapeutar og legar i lag for å gje gode tverrfaglege tenester. Målet er å gje pasientane trygge og profesjonelle tenester, for å skape gode pasientforløp og god overgang til heimen. Øygarden lokalmedisinske senter inneheld ulike helsetenester, både kommunale, fylkeskommunale og private, i tillegg til spesialisthelseteneste. Stillingane her er knytt til Øygarden lokalmedisinske senter og korttidspasientar. Pasientane kjem i hovudsak til oss frå sjukehuset. Vi har tre avdelingar som alle jobbar med korttidspasientar, i tillegg har avdeling Sør fokus på palliasjon, avdeling Nord ØH-pasientar og 2. etg på rehabilitering. Denne stillinga er knytt til 2. etg. Øygarden lokalmedisinske senter har årsturnus. Deler av stilling er i form av timebank, men heile stillinga blir lagt i turnus. Arbeidsoppgåver: Oppfølging, pleie og behandling av pasientane Arbeide for å hjelpe pasienten til å nå sine mål og avdekke kva som er viktig for dei Arbeide lojalt og aktivt etter Øygarden lokalmedisinske senter sitt krav til kvalitet og fagprosedyrar for å sikre forsvarleg tenester Rettleiing, opplæring og utviklingsarbeid Tverrfagleg arbeid Vere ein god rollemodell for å skape eit kreativt og utviklande fagmiljø Kvalifikasjonar: Må ha: Autorisert sjukepleiar Ønskjeleg Spesiell interesse eller utdanning innan området eldrehelse/geriatri. Personlege eigenskapar: Du er opptatt av pasienten sin rett til medbestemmelse og involverar pårørande Du ønskjer å jobbe med korttidspasientar under rehabilitering, palliasjon og øyeblikkleg hjelp innlegging. Du tykkjer det gir meining at dei fleste pasientane har nytte av opptrening og rehabilitering. Du vil jobbe for å nå måla som blir sett for pasienten Du viser engasjement i arbeidet ditt Du har respekt for andre og deler din kunnskap med dei som treng det Du er er open, nysgjerrig og gir beskjed når det trengs Du ønskjer eit span