← BuscayCurra

Vassenden heimeteneste har ledige stillingar

Empresa sin especificar

Noruega📅 13/10/2026

Descripción

Er du sjukepleiar og ønskjer ein variert og fagleg spennande arbeidskvardag? Då kan dette vere jobben for deg! Vassenden Heimeteneste gir helse- og omsorgstenester til pasientar i alle aldrar, med hovudvekt på eldre. Pasientane bur anten i omsorgsbustad eller i eigen heim rundt om i bygda. Hos oss blir du ein del av eit kompetent og engasjert fagmiljø der du får høve til å lære av dyktige kollegaer og bidra til vidareutvikling av tenesta. Vi legg vekt på samarbeid, fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø. Ingen dagar er heilt like i heimetenesta. Du møter pasientar med ulike behov og vil jamleg stå overfor nye situasjonar og utfordringar som krev faglege vurderingar og løysingar. Dette gir deg ei unik moglegheit til å utvikle breiddekompetanse og bruke både kliniske ferdigheiter, fagkunnskap og sjølvstende i praksis. Dersom du trivst med ansvar, variasjon og meiningsfulle arbeidsdagar, håpar vi du vil søke stilling hos oss. Vi har følgande stillingar ledig: 100 % fast stilling som sjukepleiar frå snarast 100 % vikariat som sjukepleiar i perioden frå snarast - 31.08.2027 Stillingane inneheld ein variert arbeidskvardag med tredelt turnus og arbeid kvar 3. helg . Det er mogleg å jobbe langvakter og kvar fjerde helg med samla langfri dersom du ønsker det. Arbeidsoppgåver: sjukepleiefagleg oppfølging og behandling av pasientar kartlegging, observasjon og dokumentasjon medikamenthandtering tverrfagleg samarbeid med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar bidra til fagutvikling og kvalitet i tenesta aktiv bruk av velferdsteknologiske løysingar Kvalifikasjonar: norsk autorisasjon som sjukepleiar beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg førarkort klasse B Vi søkjer etter deg som er: er fagleg engasjert og løysingsorientert kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar har gode samarbeidsevner er fleksibel og trivst i ein variert arbeidskvardag har interesse for teknologi og utvikling av framtidas helsetenester bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø Personleg eignaheit
Envía tu CV a esta empresa

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de vassenden en Noruega

BuscayCurra es gratis

3,7 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.