Descripción
Reinhalds- og tekstilavdelinga i Førde har 35 årsverk og leverer reinhalds- og tekstiltenester til avdelingane ved Førde sentralsjukehus. Reinhaldsavdelinga har ledig to faste stillingar i 100 % som reinhaldar. Stillingane er knytte til sjukehuset sin bygningsmasse i Førde, og arbeidsoppgåvene vil for tida hovudsakleg vere knytte til alle bygg ved sjukehuset. Arbeidstid - Arbeidstida er organisert i ulike vaktskift innanfor tidsrommet kl. 06.00-21.00 på kvardagar, inkludert ettermiddags- og kveldsvakter etter gjeldande vaktplan. - Det er arbeid kvar tredje laurdag og arbeid på helge- og høgtidsdagar etter gjeldande vaktplan. Arbeidsoppgåver Dagleg reinhald av til dømes behandlingsrom, pasientrom i sengepost, kantine, bad og toalett, kontor og fellesareal. Reinhald av operasjonsstover ved augeoperasjonar Behovsstyrt reinhald av obduksjonssal. Periodisk reinhald av dei ulike romkategoriane ved sjukehuset. Bruk av ulike typar reinhaldsmaskiner, inkludert sittemaskiner Smitteutvask Utføre eigenkontroll av reinhaldsarbeidet i tråd med gjeldande kvalitetskrav i reinhaldsstandard Insta 800 Bruk av enkle dataverktøy i det daglege arbeidet Delta i utprøving av nye metodar og løysingar som kan effektivisere reinhaldsarbeidet, til dømes reinhaldsrobotar Kvalifikasjonar Fagbrev i reinhaldsoperatørfaget. Ved mangelande kvalifiserte søkjarar med aktuell fagkompetanse, vil søkjarar med erfaring frå reinhaldsyrket verte vurdert. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Kjenne til og arbeide etter standard for reinhaldskvalitet Insta 800 og NS 6600. Må kunne planleggje og utføre periodisk renhold Må kunne bruke ulike typar reinhaldsmaskiner, oinkludert sittemaskiner Kjennskap til smitteoverføringspunkt og korleis desse skal reingjerast. Kjennskap til skiljet mellom reine og ureine soner Må kunne bruke nettbrett, då alle reinhaldsplaner er digitale. Må kunne bruke PC, då kurs, prosedyrar og kompetanseplanar er digitale. Ha interesse for å lære nye og meir effektive metodar inn