← BuscayCurra

Vil du jobbe med moderne biologisk behandling som ECT og TMS?

HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS

Noruega📅 6/11/2026

Descripción

Me søkjer deg som vil bidra til trygg og effektiv behandling for pasientar med psykiske lidingar, samtidig som du får styrka kompetansen din. Vi har no ledig vikariat for deg som ønskjer å lære om, og levere behandling med moderne og evidensbaserte biologiske metodar. Du får tett oppfølging og god opplæring frå dag éin. Vikariatet varer i eitt år, med oppstart i 2027 og moglegheit for forlenging dersom behovet held fram. Arbeidsdagen er variert, og aktiviteten går særleg føre seg på morgonen når me køyrer ECT- og TMS-behandlingar. Me planlegg også for pilotering av behandling med ketamin. Me ser fram til å høyra frå deg, og ønskjer deg velkommen til eit spennande vikariat hos oss! Kva går jobben ut på? Planleggje og gjennomføre TMS‑ og/eller ECT‑behandling i tråd med prosedyrar og pasientforløp. Delta i små team som samarbeider med kommunale tenester og andre fagmiljø. Observere og vurdere pasienttilstand, dokumentere og kvalitetssikre behandling. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Må ha : Norsk autorisasjon som sjukepleier med videreutdanning innan psykiatri. Erfaring frå psykisk helsevern er ønskelig, men vi gir opplæring i prosedyrer for ECT og TMS. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Motivasjon for strukturert opplæring og sertifisering innan ECT/TMS. Ønskjeleg : Erfaring med ECT og/eller TMS (ikkje krav). Vi søkjer fortrinnsvis etter ein spesialsjukepleiar, men ein sjukepleiar med erfaring innan psykiatri og relevante prosedyrar kan òg bli vurdert. Kva ser vi etter hos deg? Lagspelar : Du deler informasjon aktivt, ber om hjelp når det trengst og støttar kollegaer for å nå felles mål. Fleksibel : Du handterer endringar i plan utan å miste oversikt og held roen når tempoet aukar. Læringsorientert : Du set av tid til å lese prosedyrar, deltek i rettleiing og følgjer opp tilbakemeldingar. Kommunikativ : Du gir korte, presise beskjedar i team og dokumenterer nøyaktig i pasientjournal. Kva tilbyr vi? God opplæring og tett oppfølging i oppstarten. Ei
Envía tu CV a HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Últimas ofertas en Noruega

BuscayCurra es gratis

3,7 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.