← BuscayCurra

Helsefagarbeidar natt - Vil du vere den som skaper tryggleik når andre søv? 

Empresa sin especificar

Noruega📅 9/10/2026

Descripción

Ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter (BUAS) har vi ledig fast 80 % stilling på natt for helsefagabeidar. Ønskjer du ein meiningsfull jobb der du får bruke fagkunnskapen din til å gjere ein forskjell kvar natt? Vi søkjer ein helsefagarbeidar til fast nattstilling i eit inkluderande arbeidsmiljø der fagleg kvalitet og samarbeid står sterkt. 🌟 På natt er du ein del av eit team på 7 medarbeidarar som samarbeider tett for å gi brukarane våre tryggleik, omsorg og gode tenester. Du arbeider sjølvstendig, men aldri åleine. Det er alltid ein sjukepleiar på «topp». BUAS er ein variert arbeidsplass med 83 plassar fordelt på fem avdelingar, mellom anna demensomsorg, rehabilitering, korttidsopphald, KAD-plass og heildøgns omsorg. Du må påregne å jobbe i alle avdelingane. Kvifor velje oss? 💙 Du blir ein del av eit godt og stabilt nattevaktmiljø 💙 Du får varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar 💙 Du arbeider i ein organisasjon som set kvalitet og omsorg høgt 💙 Moglegheiter for fagleg utvikling Bli med på laget vårt! Arbeidsoppgåver Pleie- og omsorgsoppgåver ut frå brukarane sine behov og vedtak Tilsyn, kliniske observasjonar, vurderingar, palliasjon og oppfølging gjennom natta Bidra til tryggleik og trivsel for bebuarane Dokumentasjon og rapportering Samarbeid med kollegaer og andre faggrupper Kvalifikasjonar Autorisasjon som helsefagarbeidar Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Interesse for arbeid med eldre og personar med samansette omsorgsbehov Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar Personlege eigenskapar Er positiv og vektlegg å samarbeida godt med andre Har eit personleg og fagleg engasjement for brukergruppe Liker å arbeide i eit skiftande tempo og tilpassa arbeidsmåten etter det Er motivert, serviceinnstilt og fleksibel Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar. Vi tilbyr Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Envía tu CV a esta empresa

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de helsefagarbeidar en Noruega

Ver las 48 ofertas de helsefagarbeidar en Noruega →

BuscayCurra es gratis

3,7 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.