Descripción
Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Om stillinga: Fadder- og mangfaldskoordinator (75 %-stilling) Velkomstveka er ofte det første møtet med Universitetet i Bergen (UiB) for nye studentar. Den er viktig for å legge eit godt grunnlag for ein god start på studia. Veka er ei innhaldsrik med mange ulike aktivitetar og arrangement. Studentgruppa er mangfaldig, og vi er opptekne av at aktivitetane som blir planlagde i velkomstveka treff ulike studentgrupper og legg til rette for ei inkluderande start på studia. Aktivitetane i velkomstveka skal bidra til at dei nye studentane blir kjente med kvarandre, universitetet, og med studentbyen Bergen. Vi lyser ut ei 75 % stilling som fadder- og mangfaldskoordinator. Stillinga er mellombels og tilsetjingsperioden strekker seg frå november 2026, og ut august 2027. Koordinatoren skal, i dialog med fakulteta, dei studenttillitsvalte og leiinga sentralt, bidra til å sikre at programmet for velkomstveka blir godt ag at det legg til rette for dette og for at alle nye studentar blir godt inkluderte i studiemiljøet sitt, både fagleg og sosialt. Arbeidsoppgåver: Legge til rette for eit breitt tilbod av aktivitetar, og inkluderande fellesarrangement i velkomstveka som retter seg mot ei mangfaldig studentgruppe Vere med å utforme eit program for velkomstveka som legg til rette for at alle studentar kan delta og føler seg inkludert Arrangere fadderkurs og sikre god opplæring og innføring i rolla som fadder for nye studentar Ha tett kontakt med leiinga og dei studenttillitsvalte både sentralt og på fakulteta Vere kontaktpunkt for koordinatorar frå andre utdanningsinstitusjonar i byen, og for arrangement i samarbeid med andre institusjonar Bidra i arbeidet med stud