Descripción
Nokre jobbar fyller kalenderen. Andre fyller hjartet Får du energi av barnelatter, gode relasjonar og dagar som aldri er heilt like? Er du typen som likar å vera ute i all slags vêr, kan syngja ein barnesong utan å blunka, og veit at noko av det beste som finst er å sjå eit barn meistra noko for aller fyrste gong? Ler du litt når du eigentleg skulle vore alvorleg, set pris på dei små og store augeblikka i kvardagen og ønskjer å vera den trygge vaksne som gjer ein forskjell? Evanger barnehage søkjer engasjert barnehagelærar med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for born. Tiltreding er ynskjeleg frå 1. desember eller etter avtale. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at borna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar gjennom leik og aktivitetar kvar dag i barnehagen. Me legg stor vekt på at leiken skal ha ein sentral plass og bli prioritert i barnehagekvardagen vår. Satsingsområdet i dei neste åra er «Alle barn skal bli lest for i vossabarnehagane kvar dag.» Me tilbyr rekrutteringstillegg kr 20 000 for barnehagelærar i 100% faste stilling ved fyrstegongs tilsetting i Voss herad. årskort på ski ved Voss Resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter, eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad gode vilkår for fagleg utvikling eit godt tverrfagleg og sosialt miljø ein kultur der me delar kunnskap og erfaring med kvarandre gode kollegaer og eit positivt arbeidsmiljø eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg gode forsikrings- og pensjonsordningar løn etter kommunalt avtaleverk Arbeidsoppgåver planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av det pedagogiske arbeidet utvikla og ivareta eit godt samarbeid med born og føresette vera bindeledd mellom barnehage og heim og andre faginstansar sørgja for eit trygt og inkluderande barnehagemiljø være ein aktiv deltakar og bidragsytar i barnehagen sitt læringsmiljø Kvalifikasjonar du som skal tilsetjast m