Descripción
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Universitetslektor Institutt for klinisk og biologisk psykologi, Det psykologiske fakultet har opptil 3 ledige ekstraerverv (varigheit 2 år) som universitetslektor (20 %) i klinisk psykologi. Startdato for desse stillingane er 1. januar 2027 Instituttet har forsking og undervising innanfor kjerneområda i klinisk psykologi. Desse er grunnlaget når psykologar utøver yrket sitt helsevesenet, innanfor både spesialisthelseteneste, førstelinje og lågterskeltilbod. Instituttet si forsking og kompetanse omfattar utgreiing og behandling av eit breitt spekter av psykiske lidingar. Instituttet skal utvikle og formidle kunnskap innanfor dei sentrale områda i evidensbasert, psykologisk behandling. Vidare har instituttet kompetanse om korleis ein kan gje slik behandling til alle aldersgrupper og innanfor ei breidde av sosiokulturelle kontekstar. Ved Institutt for klinisk og biologisk psykologi er det ein opplæringsklinikk som gjev studentane i profesjonsstudiet i psykologi opplæring i grunnleggande kliniske ferdigheiter som psykolog. Behandling gjennomførast av psykologistudentar under rettleiing av psykologspesialist. Klinikken har over fleire tiår knytt til seg rettleiarar i førebels 20 % stillingar. Vi leitar etter psykologspesialistar med engasjement for utdanning av framtidas psykologar. Vi er denne gongen særleg på utkikk etter psykologspesialistar med erfaring frå arbeid med barn og ungdom, men oppmodar også andre til å søke. Som universitetslektor ved Institutt for klinisk og biologisk psykologi vil du jobbe tett og klinikknært med opplæring av studentar i klinisk psykologi. Hovudvekta av arbeidet i stillinga vil innebere opplæring og rettleiing av