← BuscayCurra

Sokneprest i Nordre Sunnmøre prosti med Brattvåg som særleg tenestestad

Empresa sin especificar

Noruega📅 23/9/2026

Descripción

Det er ledig stilling som sokneprest i Brattvåg sokn i Nordre Sunnmøre prosti. Brattvåg kyrkje ligg sentralt i Brattvåg, og er ei arbeidskyrkje der det ligg godt til rette for å utvikle kyrkjelyden. Ein godt samansveisa fellesstab med sokna omkring har kontor like ved kyrkja, og utgjer eit viktig fellesskap i arbeidet med å utvikle kyrkjelydsarbeidet mellom unge og innvandrarar i Brattvåg og sokna omkring. Prostiet omfattar kommunane Ålesund, Sula, Giske og Haram. Brattvåg sokn med 2200 medlemmar er eitt av fire sokn i Haram kommune. Det er to andre sokn på fastlandet, Vatne og Hamnsund, og eit sokn som er knytt til øyane Haramsøy, Lepsøy, Flemsøy og Fjørtoft, også kalla Nordøyane. Brattvåg ligg omlag 30 minutt frå trafikknutepunktet og handelssenteret Moa aust for Ålesund. Det tek 45 minutt å reise til Ålesund sentrum. Soknekyrkja er ei arbeidskyrkje frå 1977 og ligg i Brattvåg sentrum. I soknet ligg også Hildre kyrkje, 15 minutt nordvest for Brattvåg. Det er mange ulike kulturar representert i Brattvåg grunna stor arbeidsinnvandring til den maritime næringa. Det blir nytta nynorsk i alle sokna. Haram er ei industrikommune, med sterk kombinasjon av industri og sjøbruk. Her er godt utbygde servicenæringar, og mange bedrifter innan næringsmiddelindustrien. Det er tilnærma full barnehagedekning. Kulturskuletilbodet er og godt, og er eit samarbeid med Ålesund kommune. I tilleg er det eit breitt tilbod av idrettsaktivitetar, med tre store fleirbrukshallar i Brattvåg og omegn. Tilboda varierer frå klatring og squash til badminton og ballidrettar. Det er 3 sokneprestar i Haram kyrkjelege fellesråd sitt område, og 22 prestar i prostiet. Prestane i Haram samarbeider om tenesteveker i dei 4 sokna og om andakter på institusjonane. I høgtidene samarbeider sokna om felles gudstenester. Soknepresten i Brattvåg har ansvar for konfirmantane i Brattvåg og Hildre saman med kateketen som også er tilretteleggjar for konfirmantopplegget i kommunen. I Haram er det god oppslutning om båd
Envía tu CV a esta empresa

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de sokneprest en Noruega

Ver las 8 ofertas de sokneprest en Noruega →

BuscayCurra es gratis

3,7 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.