← BuscayCurra

Straume bu og servicesenter

STRAUME BU- OG SERVICESENTER

Noruega📅 3/11/2026

Descripción

Om oss: Straume bu og servicesenter er et unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ei flott personalgruppe som samen gjer sitt beste for at våre bebuarar skal få vere aktiv, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar og assistentar. Senteret inneheld to bufellesskap for eldre, eit bufellesskap for vaksne utviklingshemma, ei dagavdeling og omsorgsbustader. Vi har ledig 70% vikariat for helsefagarbeidar på natt. Du jobbar i team med 3 andre nattevakter som samen har ansvar for 51 bebuarar på senteret. Vikariatet er ledig frå snarast og gjeld 1 år. Arbeidsoppgåver: Utøva god fagleg omsorg til våre bebuarar Dokumentasjon i gjeldande fagjournal Ivareta bebuars individuelle behov Du bidrar til et godt og engasjerande arbeidsmiljø Rettleiing av lærlingar og andre nytilsette Du bidrar med fagleg autoritet og varme. Kvalifikasjonar: Autorisasjon som helsefagarbeidar. Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar Gyldig politiattest Ønskjeleg med: Erfaring frå heimetenesta eller anna arbeid i eldreomsorga. Personlege eigenskapar Du er fagleg engasjert. Du har gode samarbeidsevner, og kan jobbe både sjølvstendig og i team Du er stabil, påliteleg og ansvarleg Du bidrar positivt, har godt humør og trivst med varierte oppgåver Du er løysingsorientert og likar nye utfordringar. Du engasjerer deg, er positiv i møte med våre bebuarar og pårørande Personlege kvalifikasjonar vil verta vektlagt Anna: Helsefagarbeidar som går natt, får eit ubekvemstillegg på 10 000 kr ( justert etter st. %) Vi tilbyr: Gode pensjons- og forsikringsordningar Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø Motiverte og kunnskapsrike kollegaer Interessante utfordringar Høve til fagleg og personleg utvikling Moglegheit til å søke startlån. Sjå kommunen si heimeside for meir informasjon: Startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell - Øygarden kommune Kontakt: Avdelingsleiar Heidi R. Endal
Envía tu CV a STRAUME BU- OG SERVICESENTER

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de straume en Noruega

BuscayCurra es gratis

3,7 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.