← BuscayCurra

Politifullmektig/politiadvokat

POLITIETS FELLESTJENESTER ÅLESUND POLITISTASJON

Noruega📅 19/10/2026

Descripción

Om stillinga Møre og Romsdal politidistrikt har no ledig fast stilling som politifullmektig/politiadvokat med arbeidsstad i Ålesund. I tillegg kan det bli aktuelt å tilsetje ein kandidat i tilsvarande fast stilling i Ålesund, Molde eller Kristiansund. Opplys i søknaden kva arbeidsstad(ar) som er aktuell(e) for deg. Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til rettstryggleik og samfunnsoppdraget gjennom eit viktig og meiningsfullt arbeid med straffesaker. Saksmengda og kompleksiteten i porteføljen vil bli tilpassa erfaringa og kompetansen din, slik at du får gode moglegheiter til fagleg utvikling. Felles eining for påtale har eit overordna ansvar for etterforsking, påtale og iretteføring av straffesaker i politidistriktet. Eininga har fagansvar for straffesaksbehandling og skal sikre høg kvalitet gjennom ei forsvarleg og effektiv forvalting av den samla straffesaksportefølja i distriktet. Eininga har ansvar for å sjå til at gjeldande regelverk som straffeprosesslova, påtaleinstruksen,Riksadvokatens mål og prioriteringar mv. blir etterlevde. Felles eining for påtale er samansett av fire seksjonar, tre påtaleseksjonar (Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre) og ein seksjon for administrative støttefunksjonar. Møre og Romsdal byr på storslått natur og unike moglegheiter for toppturar, skikøyring og anna friluftsliv året rundt. Er du klar for ein ny arbeidskvardag? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi søkjer deg som motiverast av å bidra til fellesskapen og rettstryggleiken gjennom arbeid med straffesaker. Du er fleksibel, arbeider sjølvstendig og har gode evner til kommunikasjon og samarbeid. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging
Envía tu CV a POLITIETS FELLESTJENESTER ÅLESUND POLITISTASJON

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de politifullmektig en Noruega

BuscayCurra es gratis

3,7 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.