Descripción
Vil du ta fagleg ansvar og vere med på å utvikle ein barnehage der omsorg, inkluderande leik og meistring står sentralt? Valle kommune er i vekst, og me gleder oss over aukande barnetal i barnehagen. Med visjonen «Robuste barn i leikande miljø» søkjer Valle og Hylestad barnehagar ein fagleg engasjert barnehagelærar til eit 100 % vikariat frå 1. januar 2027 til og med 8. august 2027. Saman med pedagogisk leiar får du medansvar for å planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere det pedagogiske arbeidet. Me arbeider med kunnskapsmodellen som eit felles fagleg grunnlag, med barnet sine behov som utgangspunkt for tilrettelegging og samarbeid med føresette. Helsefremjande oppvekst er eit sentralt satsingsområde. Gjennom inkluderande leik, fysisk aktivitet og varierte uteopplevingar fremjar me tryggleik, tilhøyrsle, rørsleglede og meistring. Målet er å fremje trivsel og utvikling og bidra til å utjamne sosiale forskjellar. Barnehagen er organisert i to einingar, Valle og Hylestad. Hylestad-eininga ligg på Nomeland og har tre avdelingar. Valle-eininga ligg i skuleområdet i Valle. Stillinga er for tida lagd til Valle. Ved behov må du kunne arbeide ved begge einingane. Du må kunne arbeide på småbarnsavdeling. Begge barnehagane har flotte uteområde og natur i nærmiljøet som gir gode høve til leik, utforsking og turar gjennom året. Arbeidsoppgåver Ha medansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanen og årsplanen Ivareta barna sitt behov for omsorg, tryggleik og gode relasjonar Bidra til eit nært og tillitsfullt samarbeid med føresette Vere ein god rollemodell i møte med barn og vaksne Utvikle eit inkluderande leikemiljø og bidra til eit trygt lærings- og arbeidsmiljø Bidra til fagleg utvikling og oppfølging av barnehagane sine satsingsområde Sikre barna sin medverknad og leggje til rette for utvikling og meistring Kvalifikasjonar Godkjend barnehagelærarutdanning, eller anna utdanning som etter gjeldande re