Descripción
Helse og omsorg, Haram indre, søkjer sjukepleiarstudentar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleieassistentar. Dei ulike avdelingane har ulike arbeidstidsløysingar. Det er anledning til langvakter i dei fleste avdelingane, nokre inntil 14 timar. Eidet omsorgssenter opna i 2017 og ligg på Eidet mellom Vatne og Tennfjord, og er ein del av Haram Omsorgssdistrikt. Haram indre består av Eidet Omsorgssenter, Dagsenter Eidet og heimetenestesta. Eidet omsorgssenter avd. 1 - langtid, HDO (heildøgnsomsorg) og korttid Vi behandlar søknadar fortløpande. Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte. Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane. Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. Arbeidsoppgåver Du kan søkje deg til desse avdelingane: HEIMETENESTA Heimesjukepleien yter teneste til personar som, på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetjing, har behov for hjelp i kvardagen, men som framleis bur i eigen heim. Tenesta gir praktisk bistand og helsefagleg oppfølging i situ