Descripción
Om arbeidsstaden Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus og kreftomsorg. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv. Om stillinga Austevoll kommune har ledig eit vikariat som fysioterapeut i 100% stilling frå januar 2027 til desember 2027. Organisatorisk tilhøyrer stillinga Ergoterapi og fysioterapitenesta og arbeidsstadet er på Helsehuset på Storebø. Tenesta har i dag sju tilsette, som arbeider med førebygging, behandling og trening for born, vaksne og eldre. Tenesta bistår og med tilrettelegging og tilpasning av hjelpemidlar. Tilbodet rettar seg mot personar som treng hjelp til å ivareta eller forbetre sin funksjonsevne. Austevoll kommune er under omstilling. Arbeids- og ansvarsområde kan derfor bli endra. Ansvar og arbeidsoppgåver Ansvars – og arbeidsoppgåver: Som fysioterapeut vil du hovudsakleg arbeide med barn og unge i alderen 0–16 år, men stillinga omfattar òg oppgåver retta mot eldre. Arbeidet har særleg vekt på førebygging, habilitering, rehabilitering og tilrettelegging. Aktuelle arbeidsoppgåver er: Kartlegging, screening, testing og oppfølging av barn og unge. Fysioterapeutisk oppfølging og tilrettelegging i barnehage, skule, helsestasjon, heim og ved Helsehuset. Planlegging og gjennomføring av trening i basseng. Førebyggande arbeid, habilitering og rehabilitering. Tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper og tenester. Arbeid med individuell plan og koordinatoroppgåver. Rettleiing og kunnskapsformidling til føresette, andre yrkesgrupper og samarbeidspartnarar. Kvalifikasjonskrav Formelle kvalifikasjonskrav: Norsk autorisasjon som fysioterapeut Erfaring og kompetanse innan born og unge er ein fordel Førerkort klasse B Gode