Descripción
Rådgjevar bedriftsmarknad - pao Voss Likar du å arbeida med folk, økonomi og ha gode kundemøte? Er du typen som ser ei oppgåve som må gjerast, og berre gjer det? Då vil me gjerne høyra frå deg. Voss Sparebank er ein sjølvstendig lokal sparebank med 28 tilsette. Me kjenner kundane våre, me kjenner kvarandre – og me likar å gjera lokalsamfunnet til ein betre plass å bu og leva. No ser me etter ein ny kollega som skal vera rådgjevar for bedriftsmarknaden på Voss og nærområdet vårt. Hjå oss får du ikkje berre kontorpult, stol og PC i moderne lokale. Du får høve til å bli kjend med verksemdene i lokalsamfunnet, forstå kva dei driv med og vera ein viktig sparringspartnar når dei skal investera, utvikla seg eller ta nye steg. Ingen dagar er like. Nokre dagar sit du fordjupa i ein kredittsak. Andre dagar er du ute og møter ein kunde, diskuterer investeringar over ein kaffikopp eller finn ut korleis me kan hjelpe ei lokal bedrift vidare. Om du trivst med ansvar, relasjonar, tykkjer om samfunnsoppdraget vårt og likar at arbeidsinnsatsen din vert opplevd som meiningsfull. Då er dette kanskje ei stilling for deg? Arbeidsoppgåver Som rådgjevar på bedriftsmarknaden får du ansvar for eiga kundeportefølje. Du vil mellom anna: Rådgje og selja banken sine produkt og tenester til eksisterande og nye bedriftskundar – kreditt, forsikring, leasing, pensjon og sparing/plassering Følgja opp og utvikla gode kunderelasjonar Vurdera kreditt, utarbeida og presentera kredittsaker Vera ein aktiv sparringspartnar for kundane våre og forstå behova deira Oppsøkja nye kundar og byggja nettverk i næringslivet Samarbeida med kollegaer i heile banken for å finne gode og heilskaplege løysingar Kvalifikasjonar Du har høgare utdanning innan økonomi. Du er tidleg i karrieren, eller er nyutdanna. Det er òg fint om du har interesse for, eller erfaring frå finans, rekneskap eller revisjon. Du har interesse for lokalt næringsliv. Du er god til å skriva nynorsk eller villig til å læra det. Det er eit pluss om d