← BuscayCurra

Pedagogisk leiar/ Barnehagelærar

TYSNES KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

Noruega📅 10/11/2026

Descripción

Vil du vere med og skape ein trygg, inspirerande og meiningsfull kvardag for barn? Tysnes kommune har ledig to faste stillingar i 100 % som pedagogisk leiar og barnehagelærar. Barnehagane i Tysnes kommune er kommunale og ligg i bygdene, Våge, Lunde, Uggdal og Onarheim. Barnehagane fokuserer på eit trygt og inkluderande miljø der leik, omsorg og læring står sentralt. Vi legg vekt på å gi barna gode opplevingar i eit trygt fellesskap. Barnehagane er organisert under oppvekstområde i kommunen. Kvar barnehage har sitt eige preg og nærmiljø, samstundes som dei samarbeider om kvalitet og utvikling av barnehagetilbodet. Arbeidsstad er ikkje fastsett på førehand. Tilsetting blir gjort i Tysnes kommune, og det blir avklart kva barnehage du skal arbeide i ut frå behovet i kommunen. Arbeidsoppgåver Arbeide i tråd med barnehageloven, rammeplanen, årsplanen og barnehagen sine satsingsområde. Vere ein tydeleg og varm rollemodell overfor barn og vaksne. Bidra til godt og nært samarbeid med føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar. Legge til rette for eit godt leike- og læringsmiljø. Delta i endrings- og utviklingsarbeid og halde deg fagleg oppdatert. Som pedagogisk leiar må du i tillegg: Leie og utvikle det pedagogiske arbeidet med barna. Kunne rettleie og inspirere personalet. Kvalifikasjonar Godkjend barnehagelærarutdanning. Ønskeleg med erfaring som pedagogisk leiar. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Gode digitale ferdigheiter. Ved ei eventuell tilsetting må du legge fram: politiattest jf. barnehageloven § 30. eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: er ein tydeleg vaksen som er målretta, løysingsfokusert og handlingsdyktig. kan planlegge og jobbe systematisk. har eit medvite i forhold til leik og prioriterer leiken til barna i kvardagen. har gode samarbeidsevner og kan jobbe i team. er opptatt av å vere i utvikling og viser det gjennom praksis og refleksjon. er positiv og bidrar til eit godt arbeidsmilj
Envía tu CV a TYSNES KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de pedagogisk en Noruega

Ver las 272 ofertas de pedagogisk en Noruega →

BuscayCurra es gratis

3,7 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.