← BuscayCurra

HR-sjef

Empresa sin especificar

Noruega📅 25/9/2026

Descripción

HR-sjef ved Det Norske Teatret Det Norske Teatret etablerer no ei eiga HR-avdeling, og søkjer ein HR-sjef som vil vere med og forme framtidas teaterorganisasjon. Vi vil vere eit internasjonalt teater i toppklasse, og vi vil ta ei leiande rolle i å endre måten teater blir laga på: kven som lagar det, kven det er for, og korleis det blir definert. For å lukkast må vi vere ein arbeidsplass der ulike stemmer, perspektiv og erfaringar får rom til å utvikle seg. Som HR-sjef får du ei nøkkelrolle i å vidareutvikle organisasjonen vår og sikre at menneska i huset har dei beste føresetnadene for å skape teater av høgste kvalitet. Om stillinga Som HR-sjef får du eigarskap til HR-området på strategisk nivå. Du skal utvikle og sikre gode rammer og prioriteringar for mellom anna rekruttering, arbeidsmiljø, kompetanse, partssamarbeid og organisasjonsutvikling. Det Norske Teatret har om lag 240 fast tilsette, og i tillegg er kring 200 gjestande kunstnarar og medarbeidarar innom huset kvart år. Vi er ein samansett organisasjon med sterke fagmiljø, tariffbunden drift og eit kunstnarleg tempo som stiller høge krav til god personalleiing. Eit viktig oppdrag er å omsetje ambisjonane våre om fleirstemmigheit og mangfald til god personalpolitikk og gode arbeidsprosessar. Du skal vere ei drivkraft for at måla våre blir følgde opp i heile organisasjonen, og bidra til eit inkluderande og trygt arbeidsmiljø der ulike medarbeidarar kan utvikle seg og lukkast. Du rapporterer til direktøren, inngår i leiargruppa og har personalansvar for éin medarbeidar. Med ei lita avdeling er det ei forventing om at du også er operativ og tek del i den daglege drifta. Ei viktig oppgåve blir å støtte teatersjefen i personaloppfølginga av den kunstnarlege sida av huset, der mange medarbeidarar rapporterer direkte til teatersjefen. Som HR-sjef får du eit særleg ansvar for ensemblet og den kunstnarlege sida av verksemda, medan HR-rådgjevaren har hovudansvaret for tekniske og administrative avdelingar. Rolla handla
Envía tu CV a esta empresa

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de sjef en Noruega

Ver las 11 ofertas de sjef en Noruega →

BuscayCurra es gratis

2,9 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.