Descripción
Ågotnes skule er ein barneskule med 240 elevar og om lag 45 tilsette. Skulen sin visjon er: «Ågotnes skule – ein god stad å vere, ein god stad å lære». Gjennom denne visjonen har skulen vektlagt lesing som satsingsfelt i fleire år og arbeidd systematisk med å vidareutvikle eit godt, trygt og inkluderande læringsmiljø på skulen. Ågotnes har mellom anna vore med i ein pilot om utprøving av programmet SUPER! og har blitt sertifisert som ein Dysleksivennleg skule. Arbeidet i SFO er ein viktig del av det heilskaplege arbeidet på skulen. Skulen har nynorsk som målform. Som namnet tilseier så ligg skulen på Ågotnes , om lag 30 minutt køyring til Bergen sentrum, og bussterminal like ved skulen. Arbeidsoppgåver: Leie det pedagogiske utviklingsarbeidet i lag med leiarteamet Økonomiansvar Forvaltningsoppgåver Overordna personalansvar Utvikle skulen som ein lærande organisasjon Samarbeide med politisk og administrativt nivå Samarbeid med andre instansar Kvalifikasjonar: Må ha: Godkjent lærarutdanning Leiarerfaring frå grunnskulen Kompetanse om leiing av dei tilsette si læring og utvikling Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg Digital kompetanse er naudsynt for stillinga Ønskjeleg med: Relevant leiarutdanning Erfaring innan personalleiing og økonomistyring Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging Vi ser etter deg som: Er tydeleg, løysningsorientert og har fokus på organisering Har evne til å inspirere andre og bidra til arbeidsglede Har evne til å samarbeide, lytte, rettleie og skape gode relasjonar Har engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for læring Vi tilbyr: Gode pensjons- og forsikringsordningar Motiverte og kunnskapsrike kollegaer Interessante utfordringar Høve til fagleg og personleg utvikling Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgr