Descripción
Nav Askøy søkjer engasjert jobbspesialist! Bankar hjartet ditt litt ekstra for ungdom som ønskjer å ta steget vidare mot arbeid eller utdanning? Om du trivst med oppsøkjande verksemd, er god på kommunikasjon og har tru på at du kan gjere ein forskjell for unge menneske i ein krevjande livssituasjon, og ser føre deg at du kan arbeide tverrfagleg saman med behandlarar innan psykisk helse, så kan dette vere den rette jobben for deg. Vi søkjer no ein jobbspesialist til vårt IPS Ung-team i Nav Region Vest ved Nav Askøy i fast stilling. Dersom du ser moglegheiter der andre ser hindringar, og ønskjer å bidra til at fleire ungdomar får nytte ressursane sine i arbeidslivet eller utdanning, håpar vi at du søkjer stillinga. Som IPS-jobbspesialist arbeider du etter metoden Individuell jobbstøtte (IPS), der målet er å hjelpe menneske med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar ut i arbeid eller utdanning. Metoden byggjer på eit tett og forpliktande samarbeid mellom ungdom, Nav, helsetenesta, skulen, føresette og arbeidsgjevarane. Primærmålgruppa vil vere ungdom under 30 år. Som ein del av ungdomsgarantien i Nav skal du vere med på å sikre god og tett oppfølging av unge. Som jobbspesialist i IPS Ung vil du inngå i eit tverrfagleg samarbeid mellom Nav og helse. IPS er ein integrert skule- og arbeidsretta del av behandlingstilbodet til menneske med moderate til alvorlege psykiske lidingar og/eller rusproblem, eller nedsett funksjonsevne. Du vil vere knytt til Origo Askøy. Origo Askøy – livsmeistring, psykisk helse og rus – tilbyr hjelp til innbyggjarar i alle aldrar. Origo tilbyr hjelp til dei som slit med psykiske helseplager, rus, utfordringar i foreldrerolla med meir. Origo Askøy består av to avdelingar, ei for barn og unge og ei for vaksne og eldre. Denne stillinga er knytt til ungdomsteamet, som er organisert under avdeling Barn og unge. Teamet er tverrfagleg samansett og har brei erfaring innan psykisk helsearbeid med barn og unge, familie- og rusarbeid, samt føre