Descripción
Om stillinga og arbeidsstaden Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Meltunet, har ledig følgjande vikariat som miljøterapeut: Vikariat natt i 93 % stilling med for tida arbeidshelg kvar 3.helg. Stillinga inneber møtevakter og arbeid på andre tidspunkt for å bli kjent med ungdomar utenom natt. Å jobbe nattevakt handlar om mykje meir enn å passe på medan andre søv. Du bidreg til å skape ein trygg, stabil og føreseieleg kvardag for ungdomar som treng gode vaksne rundt seg. Gjennom ro, tryggleik og fagleg tilstadesvering er nattevakta ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet. Dei som jobbar natt er ikkje berre til stade når huset søv, men er ein viktig del av heilskapen rundt ungdommen og bidreg til omsorg, utvikling og tryggleik i kvardagen. I noverande turnus har vi tre tilsette på dagtid, fire tilsette på kveld og to vakne nattevakter. Vikariatet er ledig pr no, og strekker seg ut 2027 - med moglegheit for forlenging. Sogn og Fjordane ungdomssenter har to avdelingar, Meltunet i Nordfjordeid og Bregnetunet i Førde. Meltunet tek imot barn og unge etter barnevernloven §3-2 og 5-1. Bregnetunet tar i mot på § 6-1 og 6-2. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spanande utfordringar. Meltunet er flott geografisk plassert, og knytt til eit småbruk i Nordfjordeid sentrum, Stad kommune. Gardsdrifta inngår i det miljøterapeutiske arbeidet, i tillegg til musikk, friluftsliv, ballspel mm. Heimesida vår: Sogn og Fjordane ungdomssenter https://www.bufdir.no/barnevern/finn institusjon/sogn-og-fjordane-ungdomssenter/ Stilling som miljøterapeut inneber ansvar for målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebevisst omsorg, senteret sine retningslinjer og faglege rettleiarar. Miljøterapeutane arbeider sjølvstendig og i team saman med to til fire miljøterapeutar/miljøarbeidarar. Dei deltek og har ansvar for møte som omhandlar ungdomane, overlapping ved vaktskifte, rapportskriving og anna skriftleg d