Descripción
Medisinsk sengepost 1 ved Førde sentralsjukehus søkjer sjukepleiar/spesialsjukepleiar til 100% fast stilling. Vi søkjer deg som har fagleg engasjement og ønskjer å bidra til trygg og kvalitetsretta pasientbehandling.Medisinsk sengepost 1 har flytta inn i eit nytt og moderne sjukehus. Vi har nyre, diabetes og endokrinologi, geriatri og hjartesjukdommar som spesialiserte fagfelt. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag og eit mangfald av kollegaer som du kan samarbeide, rådføre og støtte deg til. Her er det gode moglegheiter for fagleg utvikling og nye erfaringar. Helse Førde satsar på geriatri som fagfelt og byggjer opp eit sterkt fagmiljø for å møte behova til innbyggarane. Geriatrisk sengepost har fem senger i Medisinsk sengepost 1 i 8. etasje. Geriatrisk poliklinikk er samlokalisert med vår etasje og ligg under medisinsk sengepost. Arbeidsoppgåver Som sjukepleiar ved geriatrisk sengepost vil du ha ansvar for heilskapleg og individuelt tilpassa sjukepleie til eldre pasientar med akutt sjukdom, funksjonssvikt og samansette helseutfordringar. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere: Systematisk observasjon og geriatrisk kartlegging av mellom anna funksjonsnivå, mobilitet, fallrisiko, ernæring og kognitiv funksjon Førebygging og tidleg oppdaging av delirium, fall, underernæring, trykkskadar og ytterlegare funksjonstap Legemiddelhandtering og oppfølging av verknader og biverknader Tidleg mobilisering og rehabilitering i samarbeid med tverrfagleg team Samhandling med pasient, pårørande og kommunale helse- og omsorgstenester Rettleiing av studentar og kollegaer og deltaking i fag- og kvalitetsutvikling Kvalifikasjonar Søkjar må vere autorisert sjukepleiar. Søker med relevant erfaring vil bli prioritert. Du må kunne handtere bruk av PC med tilhøyrande program. Det vert gitt opplæring i sjølve programma vi brukar. Søkjar må mestre godt norsk, både skriftleg og munnleg. Personlege eigenskapar i ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hekti