Descripción
I Kvernaland barnehage har me ledig stilling som pedagogisk leiar i 100% fast stilling og pedagogisk medarbeidar for tilkalling. Her kan det bli moglegheit for kortare eller lengre vikariat.I Time kommune arbeidar me for å gje alle barn eit trygt og godt barnehagemiljø. Visjonen vår er at barn og unge skal ha lyst på livet og evne til å meistra det. Kvernaland barnehage er ein kommunal barnehage som sto ny i 2011. Fleire av personalet har vore med på å forme barnehagen heilt frå starten av. Me har ein barnehage som bidreg til trivsel og glede i leik og læring. Miljøet innbyr til fysisk utfolding, ein god og trygg stad for fellesskap og vennskap. Barnehagen har areal og utstyr til leik og varierte aktivitetar som fremmar bevegelsesglede, gjer allsidig bevegelses erfaring, sanseerfaring og moglegheit til å læra og meistra. Me har lagt vekt på ein god veksling mellom leik, læring, konsentrasjon, utfolding og kvile. Miljøet er utforma slik at alle barn får gode moglegheiter til å delta aktivt i leik og andre aktivitetar. Det er teke høgde for ulike pedagogiske trendar og skiftande bruk. Her kan du sjå litt meir om Kvernaland barnehage: https://youtu.be/1RU8LpRDQO0?si=aMTyrMXpCb3vXcie Kvifor søke på arbeid hjå oss? Godt arbeidsmiljø: Kvernaland barnehage kan tilby eit positivt og støttande arbeidsmiljø der personalet vert verdsett og trivast Fokus på barnas trivsel og læring: Me har eit stimulerande læringsmiljø der barna trivest og utviklar seg Fagleg utvikling: Det er moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom etterutdanning, intern opplæring, jobbskyggeaktivitet i EØS/EU land og planleggingsdagar. Me har for tida eit 3-årig prosjekt kor me dreiar fokus frå individ til fellesskap. I den samanheng har me har ein eigen inkluderingspedagog i tillegg til grunnbemanning. Vår satsing i dette arbeidet er fokus på vaksenrollen, kultur, haldningar og verdiar. Robuste barn og leik. Gode ressursar: Kvernaland barnehage kan tilby eit godt barnehagebygg med store