Descripción
Helse Vest IKT leverer IKT-tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Identitet er grunnmuren i alt vi leverer. Løysingane blir nytta av helsepersonell døgnet rundt og er kritiske for sjukehusa. Active Directory er framleis kjernen i identitetsplattforma vår, og ho skal vere solid, sikker og godt forvalta. Samstundes er identitetsområdet i rask utvikling. Vi beveger oss mot skyidentitet og moderne protokollar som OAuth 2.0, OpenID Connect og SAML. Vi søkjer derfor ein erfaren AD-spesialist som ønskjer å vidareutvikle identitetsplattformene i Helse Vest. Du får ei viktig rolle i fagmiljøet. Saman med resten av teamet vil du vere med på å sikre og vidareutvikle AD-plattforma, og vere ein pådrivar i overgangen til moderne identitetsløysingar. Vi arbeider aktivt for at pålogging til tenester skal vere brukervennleg, sikker og rask. Arbeidsstad er Førde, Bergen, Haugesund eller Stavanger. Arbeidsoppgåver Active Directory Forvalting, sikring og vidareutvikling av eit stort og komplekst AD-miljø Sikkerheitsherding, privilegerte kontoar, delegering, Kerberos og gruppepolicyar Feilsøking og problemløysing på tredjelinjenivå Modernisering og veien videre Vere med på å utvikle og modernisere strategien innan identitetsområdet Vere ein pådrivar for å flytte applikasjonar og integrasjonar frå eldre autentisering (Kerberos/NTLM/LDAP) til OAuth 2.0, OIDC og SAML der det er formålstenleg Gje faglege råd om identitet og autentisering i nye løysingar og ved anskaffingar Beredskap og gjenoppretting Utarbeide, vedlikehalde og teste planar for gjenoppretting av AD (forest recovery) og tilhøyrande identitetstenester Bidra til robuste tryggingskopi- og gjenopprettingsløysingar for identitetsplattforma, inkludert isolerte og uforanderlege kopiar Delta i beredskapsøvingar og handtering av hendingar, mellom anna ved sikkerheitshendingar som rammar identitetsinfrastrukturen Rådgivning og samarbeid Vere fagleg rådgivar for eigne fagmiljø, helseføretak og leverandørar Bidra til etterlev