Descripción
Bli ein viktig del av teamet våras på Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter, kor me jobbe saman for å skapa ein trygg og god heim for våre bebuarar! Me søker nå 5-6 helsefagarbeidarar til spanande stillingar i 80-100% fast innan demensomsorg, somatisk langtid eller korttids/rehabilitering. Hos oss får du moglegheit til å jobba i eit fagleg sterkt og støttande miljø, med utfordringar som vil gi deg både utvikling og meistring. OBS; skriv i søknaden din prioritert avdeling og institusjon. Om Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter: Vindafjordtunet består av tre avdelingar: somatisk langtidsavdeling med 15 plassar, samt demensomsorg delt i avdeling Sør og Nord med til saman 33 plassar. Ølen omsorgssenter har 15 plassar på somatisk langtidsavdeling og 13 plassar på korttids- og rehabiliteringsavdelinga. Hos oss vil me ha det høgt under taket, og med kort veg til engasjerte leiarar for dine idear. Me ønsker at våre medarbeidarar skal ha moglegheit for utvikling innan fag og interesse, at dei skal ha eit arbeid som motiverar og engasjerar. Me er i utvikling og ønsker å høyre frå deg som vil gjere ein forskjell i eldreomsorga. Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål. Du kan sjekka ut Facebooksidene våras (Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter), om du har lyst til å bli litt betre kjent med oss. Kva får du jobba med hos oss? Bidra direkte til å gi bebuarane våre ein veldig god plass å bu og gode tenester. Helsefaglege oppgåver som; kartlegging (NEWS bla), oppfølging, pleieplan, tiltak, medisiner mm. Rettleiing og tverrfagleg samarbeid. Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerlig utvikling av tenestene våre. Me kan tilby: Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg utvikling og meistring. Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast. Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan. Gratis e-læringskurs på Veiledaren og N