Descripción
Gol Helsetun er eit sjukeheim med 32 plassar fordelte på korttids-, rehabiliterings- og langtidsopphald, inkludert eiga avdeling for personar med demens. Hos oss møter du engasjerte og dyktige medarbeidarar med høg fagleg kompetanse, i eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.Stillinga inngår i turnus med dag- og kveldsvakter, samt arbeid kvar tredje eller fjerde helg med langvakter.Vi har eit tett tverrfagleg samarbeid med heimetenesta, lege, fysioterapeut, ergoterapeut og psykisk helse for å sikre heilskaplege og trygge pasientforløp. Personsentrert omsorg er grunnlaget for arbeidet vårt, og vi legg stor vekt på å møte kvar enkelt pasient med respekt, verdigheit og medverknad.Som ein del av utviklingsarbeidet ved Gol Helsetun arbeider vi med å etablere sjukepleiarteam for å styrkje den faglege kvaliteten, sikre god oppfølging av pasientane og vidareutvikle eit robust fagmiljø. Sjukepleiarar ved Gol Helsetun kan òg inngå i ordninga med støttepersonell på legevakt i samarbeid med heimetenesta. Dette gir spennande faglege utfordringar og bidreg til auka kompetanse og samhandling på tvers av tenestene.Frå 1. januar 2027 tek vi i bruk 10 nyoppussa korttidsplassar. Dette vil styrkje tilbodet vårt ytterlegare og bidra til vidare utvikling av tenestene ved Gol Helsetun. Arbeidsoppgåver • ansvar for sjukepleiefaglege observasjonar, vurderingar, tiltak og oppfølging av pasientar• bidra til å sikre fagleg forsvarlege helse- og omsorgstenester i tråd med gjeldande lovverk, retningslinjer og kvalitetskrav• samarbeide tett med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartnarar for å ivareta heilskaplege pasientforløp• vere ein aktiv bidragsytar til fagutvikling, kvalitetsforbetring og eit godt arbeidsmiljø• bidra til godt tverrfagleg samarbeid og samhandling på tvers av tenesteområde.• delta i opplæring, rettleiing og fagleg støtte til kollegaer, studentar og lærlingar.• delta i utviklinga av sjukepleiarteam ved Gol Helsetun• for sjukepleiarar er det mogleg å inngå i ei frivillig o