Descripción
Om stillinga og arbeidsstaden Bufetat region, vest, har no ledig fast stilling som avdelingsdirektør i 100 % stilling. Vi søkjer deg som ønskjer å vidareutvikle tenestetilbodet vårt for barn og familiar og bidra til strategisk leiing av regionen. Avdelingsdirektør har regiondirektør som næraste overordna og inngår i den regionale leiargruppa. Regionleiinga består for tida av regiondirektør, tre avdelingsdirektørar med særskilt ansvar for oppfølging av dei einskilde tenesteeiningane, stabsdirektør og kommunikasjonssjef. Regionskontoret ligg i Bergen. Arbeidstad for stillinga er Bergen, med ansvar og samarbeid på tvers av heile regionen. Det må reknast noko reiseverksemd, samtidig som vi har gode, moderne videokonferanseløysingar i alle tenesteområda. I Bufetat er vi opptatt av kunnskapsgrunnlaget. Vi står støtt i faget vårt - men aldri stille. Vi har eit tydleg og unikt samfunnsoppdrag. Kvar dag går vi på jobb for dei mest sårbare i samfunnet, og ser at arbeidet vårt gjer ein reell forskjell i folk sitt liv. Vi er ikkje kven som helst. Arbeidsoppgåver Til stillinga ligg for tida leiinga av eit senter for foreldre og barn og seks familievernkontor. Familievernet tilbyr terapi, mekling, kurs og bistand til familiar, par og barn med relasjonsproblem. Senter for foreldre og barn har avdelingar i Førde, Bergen og Stavanger, som bistår barnevernet med utgreiing av komplekse saker for barn 0-6 år. Sentra tilbyr også hjelpetiltak for å utvikle foreldreferdigheiter og styrke tilknyting. Det kan bli endringar i organisering og ansvarsområde i stillinga. Leie einingsleiarane for dei eniningane du har ansvaret for. Sikre at faglege og driftsmessige mål vert nådde i einingar du har ansvaret for. Omsetje nasjonale føringar og handlingsplanar til regionale handlingsplanar og forslag til tiltak. Bidra til å utvikle samarbeid med relevante private, statlege og fylkeskommunale aktørar, samt med utdannings- og forskningsinstitusjonar. Delta i leiargruppa kvar veke og i regelmessige str