Descripción
Vi søkjer etter engasjerte helsefagarbeidarar som vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen. Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø med dyktige og støttande kollegaer som deler kunnskap og samarbeidar godt med mål om og skape gode dagar for bebuarane våre. Vi kan attpåtil tilby langvakter kvar femte helg etter nærare avtale. Dette i staden for ordinære vakter kvar tredje helg. I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, difor treng vi fagpersonar med god kompetanse som ser behova i heilskap. Askvoll omsorgssenter består av: Kårstova – skjerma avdeling med 16 langtidsplassar og 1 avlastningsplass, samt dagtilbod for heimebuande personar med demens. Gruppa har stort fokus på miljøterapi og deltaking i bebuarane sin kvardag. Solstova/Rask – gruppe med 16 langtidsplassar. Gruppa har stort fokus på å gi best mogleg behandling, omsorg, tryggleik og pleie. Smia/Fløyen – gruppe med 10 plassar til korttidsopphald/rehabilitering og 6 langtidsplassar. Gruppa har stort fokus på rehabilitering og gi best mogleg behandling, omsorg, tryggleik og pleie. Tett tverrfagleg samarbeid med fysioterapeut og ergoterapeut. Vi har følgjande ledige stillingar som helsefagarbeidarar/omsorgsarbeidarar, med arbeid etter 35,5 t/veke og på helg: 80% fast stilling på natt ved Kårstova 20% fast stilling på natt ved Kårstova 58% fast stilling på natt ved Solstova/Rask 20% fast stilling på natt ved Solstova/Rask Helgestillingar frå 10-20% fast Ver venleg å oppgje i søknadsteksten kva stilling du søkjer på. Arbeidsoppgåver: Utøve pleie til pasientar og brukarar med utgangspunkt i «kva er viktig for deg?» Medverke til at pleiefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitet Dokumentere og rapportere i samsvar med gje