Descripción
No er det ledige stillingar hjå oss, og me håpar du vil bli vår nye kollega! Som helsefagarbeidar på Balestrand helsetun og heimeteneste blir du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Vi bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på jobb. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot. Balestrand helsetun består av to små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining, og er i same bygg som heimetenesta og ein har eit tett samarbeid. I same bygget ligg også legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta. Me har stor breidde i oppgåvene og i bebuarane og pasientane våre, og me jobbar med alt frå rehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande med varierte oppgåver. Balestrand helsetun har ledig følgjande stillingar som helsefagarbeidar: 100% fast stilling i turnus på helsetunet ledig frå d.d. Vernepleiarar vil og bli vurdert for stillingane. For stillingane gjeld turnus med arbeid kvar 3. helg, med moglegheit for tilpassingar som til dømes langvakter med 4. kvar helg. Arbeidsoppgåver: Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på sjukeheim. Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar, sjukepleiar og behandlingsteam Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer Rettleia og følgje opp elevar og lærlingar Med på prosjekt og gruppearbeid for å fremme fagkompetanse og kvalitet i pleie Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø Kvalifikasjonar: Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar/vernepleiar med norsk autorisasjon Kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Gerica er ein fordel Ønskjeleg med relevant erfaring innan demens, geriatri/psykiatri eller rehabilitering Beherske norsk, skriftleg og munnleg (krav om å levere inn dokumentasjon på norskkunnskapane)