Descripción
Vil du bruke din juridiske kompetanse til å styrke rettstryggleiken og berekraft i helse- og omsorgstenester? Er du jurist med master i rettsvitskap, og vil bruke kompetansen din til å gjere kvardagen tryggare og meir rettferdig for folk flest? Hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal får du ein jobb som betyr noko – for enkeltpersonar, kommunane og for samfunnet. Vi har no ledig jobb i seksjonane helse og rettstryggleik i omsorg. Kvifor skal du velje Statsforvaltaren i Møre og Romsdal Vi kan freiste med ei stilling der du jobbar med samfunnsaktuelle saker og bidreg til å sikre kvalitet og ivaretaking av pasient- og brukarrettar i helse- og omsorgstenester. Du får jobbe tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde, og i eit arbeidsmiljø der du kan planlegge din eigen arbeidsdag. Vi gir rettleiing til kommunar og innbyggjarar, overprøvar vedtak om bruk av tvang, behandlar klagesaker og fører tilsyn for å sikre kvalitet og rettstryggleik. Arbeidet vårt er variert – og du får stor moglegheit til å påverke og lære. Seksjon helse og seksjon for rettstryggleik i omsorg samvirkar med sentrale myndigheiter. Du vil bli del av eit stort juridisk fagmiljø i embetet. Arbeidsoppgåver Saksbehandling innan helse- og omsorgsrett. Rådgiving og rettleiing til kommunar, verksemd innan helse- og omsorg og innbyggjarar. Bidra til tilsyn og formidling av regelverk. Delta i utviklingsarbeid og samarbeid på tvers av fagområde. Vi søkjer etter deg som har norsk master i rettsvitskap eller juridisk embetseksampen (cand. jur.) For søkjarar med godkjent utenlansk utdanning, blir det stilt krav om tilleggsgodkjenning frå Advokattilsynet og bestått eignatheitsprøve. kommuniserer godt både munnleg og skriftleg på norsk, med både offentlege instansar og brukarar kan arbeide systematisk og innafor gitte fristar liker å jobbe analytisk og sjå samanhengar samarbeider godt og deler kompetanse har erfaring frå offentleg forvaltning eller relevante fagområde, men dette er ikkje eit absolutt krav. Som nyu