Descripción
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Stipendiat Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, Senter for ernæring, er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %) for ein periode på fire (4) år. Stillinga er knytt til prosjektet ” NutriCa65 ”, finansiert av EU programmet Horizon Europe og Universitetet i Bergen.Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % karrierefremmande, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Karrierefremmande kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet. Om prosjektet/arbeidsoppgåver Vere med på å gjennomføre to kliniske studiar med persontilpassa ernæringsbehandling for kreftpasientar, både ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen og ved Københavns Universitetshospital, avdelingane Herlev og Gentofte Hospital. Dette inneber eit opphald i København på om lag 10 månader. Rekruttering og oppfølging av pasientar i studiane. Koordinering av kliniske studiar og samarbeid med studiepartnarar i EU. Analyse og publisering av studieresultat knytte til livskvalitet, ernæringsstatus og fysisk funksjon. Deltaking i fagforumet for kliniske ernæringsfysiologar (Dietitians’ Forum) i prosjektet NutriCa65 og utvikling av opplæringsmateriell i samarbeid med EFAD. Analyse av ein smarttelefonapplikasjon retta mot kreftpasientar Kvalifikasjonar og eigenskapar Søkjar må ha fullført mastergrad i klinisk ernæring og inneha autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog i Norge. Det er krav om kunnskaper på minimum C2 nivå. Arbeidserfaring som klinisk ernæringsfysiolog med kreftpasienter vil telje positivt. Erfaring med innsamling av antropometriske data og