Descripción
Vil du vere med å skape moglegheiter for menneske som treng støtte på vegen mot arbeid og aktivitet? Nav sitt samfunnsoppdrag er å gi menneske moglegheiter. Vi søkjer no ein engasjert og utviklingsorientert medarbeidar til fast 100 % stilling som koordinator for team Helse og inkludering i Nav region Sogn. Stillinga vil ha ei sentral rolle i å styrkje fagleg kvalitet, samhandling og utviklingsarbeid innan oppfølging av personar med samansette utfordringar knytt til helse, arbeid og inkludering. Koordinatoren skal bidra til heilskapleg oppgåveløysing, kompetansedeling og godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar. Arbeidsstad vil vere Nav Sogndal. Om Nav region Sogn Nav region Sogn omfattar Nav-kontora i Sogndal, Årdal, Luster, Vik, Aurland og Lærdal. Team helse og inkludering arbeider på tvers av kommunane og skal, gjennom tett samarbeid med næringslivet, bidra til at personar med helseutfordringar kjem i arbeid. Koordinatoren vil bidra til heilskapleg oppgåveløysing, kompetansedeling og godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar. Kva går jobben ut på? bidra til at oppgåveløysinga skjer i tråd med gjeldande regelverk og føringar identifisere behov for kompetanseutvikling leggje til rette for faglege møteplassar og læringsarenaer koordinere fagleg samarbeid med andre Nav-einingar og relevante samarbeidspartnarar styrkje samhandlinga med arbeidsgivarar representere regionen i fagnettverk og samarbeidsforum vere pådrivar for fagleg utvikling og forbetringsarbeid gjennomføre rettleiing og individuell oppfølging av vaksne over 30 år med helseutfordringar som treng bistand for å kome i arbeid, kvalifisering eller aktivitet Arbeidsoppgåvene kan bli endra i takt med utviklinga av Nav sine tenester. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Du må ha fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, samt god skriftleg framstillingsevne