← BuscayCurra

100 % fast stilling som reinhaldar

ÅRDAL KOMMUNE FORVALTNING DRIFT OG VEDLIKEHOLD

Noruega📅 21/9/2026

Descripción

Vil du vere med å skape trivelege og reine kommunale bygg? Er du ein person som trivst med å gjera ein viktig jobb som betyr noko for mange? Likar du å arbeide både sjølvstendig og saman med andre, og set pris på orden og kvalitet i arbeidet ditt? Då kan dette vere jobben for deg! Årdal kommune søkjer no ein positiv, påliteleg og fleksibel reinhaldar til ei fast heiltidsstilling i reinhaldsavdelinga vår. Som reinhaldar hjå oss vert du ein del av eit fagleg dyktig og inkluderande arbeidsmiljø, der me samarbeider tett for å levera gode tenester til innbyggjarane i kommunen. Reinhaldsarbeidet er ein føresetnad for god drift i barnehagar, skular og andre kommunale bygg – og bidreg direkte til trivsel, helse og tryggleik. Arbeidsoppgåver Reinhaldsavdelinga har ansvar for reingjering av Årdal kommune sine eigne bygg og eventuelle andre bygg kommunen nyttar i si tenesteproduksjon. Du vil: utføra reinhald etter gjeldande reinhaldsplanar bidra til god kvalitet og effektiv gjennomføring av arbeidsoppgåvene arbeida både sjølvstendig og saman med andre Kvalifikasjonskrav Fagbrev som reinhaldar er ein fordel, men relevant erfaring kan kompensere for manglande fagbrev Førarkort klasse B er påkrevd Personlege eigenskapar Me legg stor vekt på personlege eigenskapar og søkjer deg som: er allsidig, fleksibel og ansvarsbevisst kan arbeida strukturert og sjølvstendig har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø har ei serviceinnstilt haldning og kommuniserer godt med «kundar» Me tilbyr Ein trygg og meiningsfull arbeidsplass i ein viktig samfunnsfunksjon Løn etter gjeldande tariffavtale (reinhaldar eller fagarbeidar) Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer Gode pensjons- og forsikringsordningar Tilgang til bedriftshytte på Skeikampen Andre opplysningar: - Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med 25.000kr i året gjeld for deg som har bustadadresse i Årdal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering. - Me gjer merksam p
Envía tu CV a ÅRDAL KOMMUNE FORVALTNING DRIFT OG VEDLIKEHOLD

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de fast en Noruega

Ver las 678 ofertas de fast en Noruega →

BuscayCurra es gratis

3,7 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.