Descripción
Etne omsorgssenter skal vere best på å bli betre, og gode leiarar som er tydelege rollemodellar er avgjerande for å lykkast. Me ønskjer at medarbeidarane våre skal oppleve arbeidsglede og fagleg utvikling. Dette er grunnlaget for gode tenester, høg kvalitet og dei små, viktige augneblikka som skaper ein god kvardag for pasientane våre. Som avdelingsleiar ved Etne omsorgssenter får du ei sentral rolle i utviklinga av tenestene våre. Du får ansvar for somatisk avdeling, med langtidsplassar, korttidsplassar og rehabilitering. Stillinga omfattar òg ansvar for drift av kjøkkenet. Høyrest dette spennande ut? Då håpar me du sender inn søknaden din. Du blir ein viktig del av leiargruppa og får gode høve til å påverke utviklinga av omsorgstenestene i Etne kommune. Om Etne omsorgssenter Etne omsorgssenter tilbyr heildøgns omsorg og pleie til innbyggjarar med ulike behov. Me arbeider for at pasientane skal ha ein trygg, aktiv og meiningsfull kvardag, med tenester som er tilpassa den einskilde. Me nyttar velferdsteknologi og jobbar kontinuerleg med utvikling og forbetring. Saman skaper me eit godt miljø for både bebuarar, pårørande og tilsette. Arbeidsoppgåver Personal-, fag- og budsjettansvar for avdelinga. Ansvar for fagleg kvalitet, pasienttryggleik og forsvarlege tenester. Ansvar for planlagd aktivitetsnivå og gjennomføring av tiltak for å nå mål og resultat. Ansvar for dagleg drift, koordinering og organisering av avdelinga. Utarbeide og følgje opp turnusar, og sikre god ressursstyring og bemanning. Gjennomføre ROS-analysar og følgje opp tiltak knytte til risiko, kvalitet og internkontroll. Sikre nødvendig kompetanse gjennom aktiv fagutvikling, rettleiing og rekruttering. Leie, motivere og engasjere medarbeidarar med vekt på eit godt arbeidsmiljø, høg fagleg standard og bebuarane sine behov. Vere ein del av leiarteamet med heilskapleg ansvar for Etne omsorgssenter. Vere ein god samarbeidspartnar internt og eksternt, og bidra til god informasjon, kommunikasjon og samhandlin