Descripción
Lyst å bli en del av team på helg? Vi har no ledig fast 20% stilling frå snarast! DPS Vegsund er ein psykiatrisk institusjon med 17 døgnplassar. Vi har innlagde pasientar med ulike psykiske lidingar, og ønskjer no å tilsetje en kollega som kan arbeide saman med oss i helgane. Stillinga er p.t på helg med seinvakt fredag, mellomvakt laurdag og søndag, med arbeid kvar 3. helg. Hos oss får du ein triveleg og spennande arbeidsplass, der vi har fokus på å gi god behandling og omsorg til pasientane våre. Du vil bli ein del av eit team som jobbar tett saman i helgane, med vekt på miljøterapeutiske aktivitetar og godt samarbeid. Om du kan tenkje deg å bli ein del av vårt engasjerte team, oppmodar vi deg til å søkje på stilling hos oss. Det kan også vere moglegheit for å ta ekstravakter ved seksjonen. Arbeidsoppgåver Medikamenthåndtering Pasient oppfølging/samtalar Henting av mat på sjukehuset Reinhald i avdelinga Sosiale aktivitetar samen med pasientane Matservering Kvalifikasjonar Vi søker offentlig godkjent sjukepleiar/psykiatrisk sjukepleiar Erfaring med psykiatri er ønskeleg Førarkort for bil Gode munnlege og skriftlege norsk kunnskapar Personlege eigenskapar Du er fleksibel og løysnings orientert Du har gode samarbeidsevner Du har god arbeidskapasitet, godt humør og bidreg til positivt arbeidsmiljø Du er Initiativrik, kreativ og positiv Å vere personleg eigna vert vektlagd ved tilsetting Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øy