← BuscayCurra

Maskinsjef til vår elektriske ferje MF Samlafjord

Empresa sin especificar

Noruega📅 2/10/2026

Descripción

Vi søker ein maskinsjef til vår elektriske ferje MF Samlafjord, som trafikkerer sambandet mellom Jondal og Tørvikbygd. I dette sambandet jobbar ein døgnskift - du er om bord eitt døgn og har fri eitt døgn i ein periode på 2 veker, deretter har du 2 veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Jondal eller Tørvikbygd då rederiet ikkje har bofasilitetar det døgnet ein har fri. Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet. Fartøyet blei bygd i 2019 og har batteri som primær energikjelde i framdriftssystemet. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid. Her får du jobbe i eit godt fagmiljø saman med engasjerte og hyggelege kollegaer. Sambandet blir drifta av eit moderne fartøy frå 2019, som har batteri som primær energikjelde i framdriftssystemet. Fartøyet har gode fasilitetar om bord og tilbyr ein arbeidshverdag i vakre omgjevander. Vi vurderer kandidatar fortløpande. Arbeidsoppgåver Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen. Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden. Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001. Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdatert
Envía tu CV a esta empresa

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de maskinsjef en Noruega

Ver las 22 ofertas de maskinsjef en Noruega →

BuscayCurra es gratis

3,7 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.