← BuscayCurra

Brenn du for å gje barna i barnehagen ein innhaldsrik, kreativ og humørfylt kvardag?

FISTER BARNEHAGE

Noruega📅 2/10/2026

Descripción

Vil du bli med på laget i hjelmelandsbarnehagen? Me har ledig 100 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 01.01.2027 - 31.07.2027 i Fister barnehage. Fister barnehage har 2 avdelingar. Denne stillinga er for tida på stor avdeling. I Hjelmeland kommune er det tre kommunale barnehagar fordelt på bygdene Hjelmeland, Årdal og Fister. Alle tilsette i barnehagane våre har fokus på vår felles visjon «Det beste for barnet». Gjennom våre felles verdiar «Respekt, Omsorg og Tryggleik» ynskjer me å gje barna gode og trygge opplevingar, ut i frå deira eigne føresetnadar og eiga utvikling. Me søkjer deg som brenn for faget, og som gjennom ditt engasjement og fagleg grunnlag er med på å skape ein meiningsfull, spennande og utviklande kvardag for barna. Ansvar og arbeidsoppgåver - delta aktivt i det daglege arbeidet med barna - vera ein god og tydeleg rollemodell - leggja til rette for leik, læring og utvikling - leggja til rette for og bidra til eit godt psykososialt miljø i barnehagen - ha medansvar for planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon Kvalifikasjonar og vilkår - fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Personar utan ønskja fagutdanning kan også søkje. - erfaring frå arbeid i barnehage er ynskjeleg - gode norskspråklege kunnskapar både skriftleg (minimum nivå A2) og munnleg (minimum nivå B1), jamfør barnehagelova §27 Me søkjer etter ein person som - er varm og tydeleg, med evne til å skapa gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer - har eit medmenneskeleg og pedagogisk engasjement, der barna er i fokus - har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner - bidreg til å skapa eit inkluderande miljø for omsorg, leik, læring og danning - er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ - er løysingsorientert og fleksibel - er fagleg engasjert, og interessert i å tileigna seg ny kunnskap Me tilbyr - løn etter gjeldande avtaleverk - pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale - barnehagar som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid - gode kollegaer
Envía tu CV a FISTER BARNEHAGE

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Más ofertas de brenn en Noruega

Ver las 51 ofertas de brenn en Noruega →

BuscayCurra es gratis

2,9 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.