Descripción
Vi søkjer etter engasjerte helsefagarbeidarar som vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen. Hos oss blir du ein del av eit arbeidsmiljø med dyktige og støttande kollegaer som deler kunnskap og samarbeider godt med mål om og skape gode dagar for bebuarane våre. Vi kan attpåtil tilby langvakter kvar femte helg etter nærare avtale. Dette i staden for ordinære vakter kvar tredje helg. I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, difor treng vi fagpersonar med god kompetanse som ser behova i heilskap. Heimetenesta i Askvoll kommune yter helse og omsorgstenester til innbyggjarar som bur i eigen heim og i omsorgsbustadar. Tenesta omfattar mellom anna heimesjukepleie, praktisk bistand og oppfølging av brukarar med ulike behov . Vi arbeider for at den enkelte skal kunne bu lengst mogleg i eigen heim, oppleve tryggleik, meistring og ha ein aktiv og meiningsfull kvardag. Vi har følgjande ledige stillingar som helsefagarbeidarar/omsorgsarbeidarar, med arbeid etter 35,5 t/veke og på helg: 95% fast stilling på helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar med arbeid kvar 5 helg langvakter Helgestillingar frå 10-20% fast Ver venleg å oppgje i søknadsteksten kva stilling du søkjer på. Arbeidsoppgåver: Utøve pleie til pasientar og brukarar med utgangspunkt i «kva er viktig for deg?» Medverke til at pleiefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitet Dokumentere og rapportere i samsvar med gjeldande retningsliner og prosedyrar Medikamenthandtering Delta i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid både internt i kommunen og eksternt Medverke til god informasjonsflyt Pliktar å halde seg oppdatert innan eige fagfelt og delta i relevante møte/opplæring Rettleie pasientar, pårørande og tilsette, samt studentar/elevar Medv