Descripción
Lyst å være ein del av vår satsing på MobilApp i produktteam som jobbar med framtidas digitale løysingar? Som utviklar i vår avdeling blir du med på å utvikle løysingar som ikkje tåler nedetid, handterer høg trafikk, og sjølvsagt har den sikkerheita som trengs. Vår topp moderne utviklingsplattform sørger for at produktteama har dei beste fasilitetane for å utvikle smidig og med stor fart. Vi definerer problem, finn løysing, kodar, et lunsj, tek ein kaffi og prodsetter – kvar dag ! Vi er allereie i gang med å utforske alt det nye som kjem med EU si eIDAS-lovgiving og EU-lommebok. Samtidig skal vi gjere våre løysingar som ID-Porten, Maskinporten, KRR, ELMA, Altinn-komponentane og eInnsyn endå betre. Vi er heilt sikre på at det blir spennande, krevjande, hektisk, lærerikt og utfordrande – akkurat slik vi likar det ! Om du også likar det slik, kan noko og vil noko, så søk gjerne. I denne runden er vi spesielt ute etter utviklarar som har erfaring med utvikling på Mobilplattform. Teknologi Vi utviklar og forvaltar våre eigne native mobilapper – som apputviklar får du ansvar for heile livssyklusen, frå idê og utvikling til produksjonssetting og vidareutvikling i tverrfaglege team. Vi bruker moderne native teknologiar og skriv appane i Jetpack Compose og SwiftUI. ArbeidsoppgåverHovudoppgåva di vil vere produktutvikling i tverrfagleg produktteam. Du vil saman med teamet ha det tekniske ansvaret for teamets produkt og kontinuerleg forbetring av desse over tid. Du bidrar til å bygge løysingar som betyr noko for mange andre og gir løpande verdiauke for samfunnet. Kvalifikasjonar Du må ha høgare, relevant utdanning på høgskole-/universitetsnivå på minimum bachelornivå. Relevant arbeidserfaring kan erstatte manglande utdanning. Du må vere kvalitetsbevisst på koden du leverer, som for eksempel modellering, overvaking og testing. Arbeidsspråket er norsk, og du må derfor ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Du må vere kjent med utvikling av native mobilappar, Android / i