← BuscayCurra

Vil du vere med å utvikle Volda kommune som vår nye personal- og organisasjonssjef?

VOLDA KOMMUNE STAB- OG STØTTEFUNKSJONAR

Noruega📅 30/9/2026

Descripción

Volda kommune søkjer ein trygg, tydeleg og utviklingsorientert personal- og organisasjonssjef. Som personal- og organisasjonssjef får du eit overordna ansvar for HR, kommunikasjon og dokumentforvaltning. Du får også ei sentral rolle i kommunedirektøren sitt leiarteam og høve til å setje retning for utviklinga av heile organisasjonen. Vi ser etter ein leiar som får ting til å skje. Du trivst med å drive fram endrings- og utviklingsprosessar saman med leiarar og medarbeidarar, og du evnar å omsetje strategiar til konkrete resultat. Du er trygg i leiarrolla, handterer krevjande saker med integritet, og byggjer tillit gjennom tydeleg kommunikasjon og godt samarbeid. Arbeidsoppgåver leie og vidareutvikle kommunen sin arbeidsgivar- og HR-strategi drive leiarutvikling på tvers av sektorar og fagområde styrkje kommunen sitt arbeid med rekruttering, kompetanseutvikling og arbeidsmiljø vere ein sentral støttespelar for leiarar i personal- og arbeidsgivarspørsmål leie utviklinga av digitale og effektive arbeidsprosessar innan fagområdet ha administrativt ansvar for kommunikasjon, dokumentforvaltning og innbyggarservice vidareutvikle system for kvalitet og internkontroll ivareta og utvikle partssamarbeidet bidra aktivt til strategisk utvikling av kommunen som heilskap Du får ansvar for fag, personal, økonomi og resultat innan ditt ansvarsområde. Kvalifikasjonar relevant høgare utdanning innan HR, organisasjon, leiing eller tilsvarande leiarerfaring frå offentleg eller annan kompleks organisasjon solid kompetanse innan HR, organisasjonsutvikling og arbeidsgivarpolitikk god forståing for offentleg forvaltning og arbeidsrett god digital forståing og interesse for utviklingsarbeid Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som: tenkjer strategisk og ser samanhengar på tvers av organisasjonen tek initiativ og skaper framdrift i utviklings- og endringsprosessar evnar å kombinere strategisk tenking med praktisk gjennomføring er trygg, tydeleg og handlekraftig i krevjande situasjonar bygg
Envía tu CV a VOLDA KOMMUNE STAB- OG STØTTEFUNKSJONAR

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Últimas ofertas en Noruega

BuscayCurra es gratis

2,9 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.