Descripción
UiB - Kunnskap som formar samfunnet UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA Førsteamanuensis Ved Det medisinske fakultet er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis (50 %) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin , fagområde for helsevitenskap (HELSEVIT) . Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå forsking og undervisning. Ved fagområdet helsevitenskap forskast og undervisast det mellom anna i arbeidshelse, primærkontaktrollen og undersøking og behandling i primærhelsetenesta, muskelskjeletthelse, og kvinnehelse. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet. Det vert lagt særlig vekt på god og oppdatert forståelse av muskelskjeletthelse fra et primærkontaktperspektiv. Stillingens arbeidsstad er i Bergen. Arbeidsoppgåver/forskingsområde: Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til klinisk masterprogram i manuellterapi, ved Fagområde helsevitskap ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar. Kvalifikasjonar og eigenskapar: Kvalifi