← BuscayCurra

Me søkjer 100 % fast og inntil 100% vikar som barne- og ungdomsarbeidar

Empresa sin especificar

Noruega📅 2/10/2026

Descripción

Fast / vikariat som Barne- og Ungdomsarbeidar/fagarbeidar i Bokn kommune Me har inntil 2 stillingar som barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar frå og med 01.01.27. Fast stilling er på 100%, vikariat er inntil 100%. Bokn kommune har fagarbeidarar som er fleksible og kan veksle mellom skule og barnehage ut frå behov og barnetal. Akkurat no er det behov for å auka bemanninga i barnehagen. Bokn kommune har som mål å skapa eit trygt og inkluderande samfunn, som er med på å bygge opp robuste samfunnsborgarar, slik at det er kjekt å koma attende til Bokn. Alle barn fortener ein god start. Barn og unge skal oppleva å læra, leika, utvikla seg og å meistra. Trygge rammer er viktige; trygge barn som trivs, lærer betre. I Bokn kommune skal me ha barnehage og skule som gjev høve til god utvikling for alle barn og unge - uavhengig av sosial, kulturell og språkleg bakgrunn, kjønn, kognitive og fysiske skilnadar. Dei må ha vaksne rundt seg som gjev støtte og omsorg, anten dei må ha hjelp til å finna seg ein ven, delta i leik eller læra seg å lesa, skriva og rekna og forstå samfunnet me lever i. Bokn kommune har ny oppvekstplan. Barnehagen har utarbeida årsplan og kvalitetsdokument. Barnehagen og skulen ligg i Føresvik i Bokn, rett ved sida av bibliotek og kommunehuset. Me har kort veg til sjø, skog og mark og det gjer at me ofte er på tur her. Barnehagen og skule har tilsette med eit stort fagleg og pedagogisk engasjement, med lang erfaring og brei kompetanse. Visjon - Kvardagsglede ute og inne Bokn barnehage Bokn kommune eig og driv barnehagen, og han vart opna i 1978. Barnehagen har i dag omlag 50 barn, og 14 tilsette. Bokn skule Bokn skule er ein 1.-10. skule med 89 elevar. Kven ser me etter? Me søkjer ein trygg, varm, utadvent og leiken person som er god på relasjonar med både born og vaksne. Du er engasjert på borna sine vegne, og opplever arbeid med born som meiningsfylt, viktig og engasjerande. Du må være fleksibel, kunne "ta ting på sparket", gå inn i alle typar oppgåver og
Envía tu CV a esta empresa

Gratis. Guzzi, nuestro asistente con IA, te prepara la carta para esta oferta y te ayuda a mandarla.

Ver la oferta original en EURES ↗

Últimas ofertas en Noruega

BuscayCurra es gratis

2,9 millones de ofertas y 7 de cada 10 traen el correo de la empresa: tu CV llega a una persona. Guzzi te ayuda a hacer el CV y a mandarlo.