Descripción
Om stillinga I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for operativ teneste, Seksjon for operative tenester er det ledig eit antall faste og mellombelse stillingar som politibetjent 3/2/1 med funksjon som operatør. Stillingane inneber turnusteneste. Felles eining for operativ teneste er ei funksjonell driftseining i Vest politidistrikt. Eininga er organisert i Seksjon for operative tenester, Seksjon for operative spesialfunksjonar, Seksjon for arrest og framstilling, Seksjon for samfunnssikkerheit og beredskapskoordinering og Seksjon for felles tenestekontor. Dei tilsette ved eininga har både politifagleg og sivil bakgrunn. Eininga har det overordna faglege ansvaret for politiet sine operative gjeremål i heile distriktet. Seksjon for operative tenester har fire avsnitt, tre for operasjonssentralen og eit avsnitt for fag og metode. På operasjonssentralen er det tre team på kvart avsnitt og kvart team har følgjande samansetjing: ein operasjonsleiar, ein oppdragsleiar og eit antal operatørar. Operasjonssentralen har eit hektisk miljø med fokus på fagleg utvikling og gode relasjonar på teama. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Vi ser etter deg som evnar å prioritere, halde fokus og ta gode avgjerder under press. Du kommuniserer tydeleg, byggjer tillit og samarbeider godt med andre, samtidig som du arbeider sjølvstendig når situasjonen krev det. Du er løysingsorientert, har gode sosiale ferdigheiter og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø. Vi søkjer medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid