Descripción
Gol Helsetun er eit sjukeheim med 32 plassar fordelte på korttids-, rehabiliterings- og langtidsopphald, inkludert eiga avdeling for personar med demens. Hos oss møter du engasjerte og dyktige medarbeidarar med høg fagleg kompetanse, i eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.Stillinga inngår i turnus med dag- og kveldsvakter, samt arbeid kvar tredje eller fjerde helg med langvakter.Vi har eit tett tverrfagleg samarbeid med heimetenesta, lege, fysioterapeut, ergoterapeut og psykisk helse for å sikre heilskaplege og trygge pasientforløp. Personsentrert omsorg er grunnlaget for arbeidet vårt, og vi legg stor vekt på å møte kvar einskild pasient med respekt, verdigheit og medverknad.Som ein del av utviklingsarbeidet ved Gol Helsetun satsar vi på fagutvikling, kvalitetsforbetring og styrking av det tverrfaglege samarbeidet. Helsefagarbeidarar er ein viktig del av fagmiljøet vårt og har ei sentral rolle i å sikre gode tenester til pasientane.Frå 1. januar 2027 tek vi i bruk 10 nyoppussa korttidsplassar. Dette vil styrkje tilbodet vårt ytterlegare og bidra til vidare utvikling av tenestene ved Gol Helsetun. Arbeidsoppgåver • gje heilskapleg pleie, omsorg og oppfølging til pasientar ut frå individuelle behov og mål• utføre observasjonar, dokumentasjon og tiltak i samarbeid med sjukepleiar og andre faggrupper• bidra til å ivareta meistring, tryggleik og livskvalitet gjennom personsentrert omsorg• samarbeide med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartnarar for å sikre gode pasientforløp• bidra til fagleg forsvarlege helse- og omsorgstenester i tråd med gjeldande lovverk, retningslinjer og kvalitetskrav• delta aktivt i tverrfagleg samarbeid, kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid• bidra til opplæring og rettleiing av elevar, lærlingar og nytilsette• bidra til bruk og vidareutvikling av velferdsteknologiske løysingar i tenesta Kvalifikasjonar • autorisasjon som helsefagarbeidar• gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, minimum nivå B1• erfaring frå arbeid med eldre,